Skip to the content
}

Nyheitsbrev 7.mars 2024

+
palestinske forfatter Adania Shibli - foto Eivind Senneset

Kjære litteraturvenner

I dag er det ein månad sidan vi opna den sjette utgåva av Bergen internasjonale
litteraturfestival. Det blei ein minnerik opningsdag med mykje pressemerksemd, spesielt om palestinske Adania Shiblis opningstale – som opprinneleg var ein takketale ho skulle halde under bokmessa i Frankfurt, men som messa kansellerte. Det var rørande å sjå at publikum reiste seg for Shibli etter talen ho held med ein stemme som bar preg av ei forkjøling ho hadde pådrege seg i Finnmark. Der hadde ho vore i samband med eitt nytt prosjekt under
Bergen Assembly.

NRK laga fleire innslag både på radio, TV og nettsaker om Shibli.Forfattar Gunnhild Øyehaug som sit i festivalens kunstnariske råd, har òg skrive eit svært leseverdig essay om Shibli, på norsk i Klassekampen, og på engelsk på lithub.com. 


Det blei ny rekord i billettsal i år! Ikkje overraskande var det dei to programpostane som Karl Ove Knausgård deltok i, som blei utseld raskast. Knausgård var ikkje så lysten på å snakke med pressa, med eitt unntak, studentavisa Studvest.

119 land. Det er talet på land det blei sendt inn bidrag frå til konkurransen vi arrangerte i samarbeid med Bjerknessenteret og Raftostiftelsen. Våre to vinnarar, Carissa Coane frå California og Maya Teiman frå Brasil, skreiv dikt og personleg essay om klimakrisa. Britiske The Guardian skreiv nokre dagar seinare på leiarplass korleis denne skrivekonkurransen fungerte som ein bru mellom forsking og kunst i klimaspørsmålet, og LitFestBergen som døme på kvifor litteraturfestivalar har ein viktig funksjon i samfunnet.

Det siste vi i festivaladministrasjon, Hjørdis, Yngve, Maxine og Teresa, gjorde saman, var å vere på scena i programposten «Jorda rundt på 80 minutt» der vi fortalde om kvar våre stadar i verda. Det blir eit fint minne å ha, no som Yngve alt har, og Hjørdis snart skal, starte i nye jobbar. Ein lengre versjon av Teresas tekst om Hadsel kan forøvrig no lesast i tidsskriftet Vinduet.

Og – heilt i oppløysing går vi ikkje! Maxine og Teresa fortsett.
Til slutt – ta gjerne ein kikk på nokre av dei mange gode bileta til vår faste festivalfotograf Eivind Senneset.

Vi håper de vil følgje oss vidare! Kryss av i kalenderen: 5.-9. februar 2025.
På vegner av administrasjonen,

Teresa

Del Innhald